![]() |
||
|
|
||
Ormen lange |
||
1)Vilja de høyra kvedet mitt og vilja de ordi tru, om han Olav Tryggvason skal songen her seg snu. - Dansen glymer i halli så dansa me då i ring! (Dans då i ring!) Glade rida Noregs menn til hildarting. 2) Kongen han let seg ei snekkje byggja bort på den slette sand; Ormen den lange det største skipet som bygdes i Noregs land. 3) Skipet det bygdes i Noregs land, ut av dei beste emnom: sytti alner og fire til var kjølen imellom stemnom. 4) Forgylte så varo dei stomnane båe bordi dei varo blå, forgylte skjolden i toppen blenkte, så seier soga ifrå. 5) Kongen han ut i høgsetet sit talar til sine drenger: No skal me sigla den salte sjo, det heve eg tenkt så lenge. 6) Bere no då dei herkledi fram, med brynjor og blanke sverdi, så leggja me sidan frå landet ut, så gjeva me oss på ferdi. 7) Modige mælte dei sveinane då; Herre, me vil deg fylgja, anten du fer i strid eller fred, me ottast ikkje svarte bylgja. |
8) Frå berget ein gut med boge i hand steig ned så raust å sjå: Jarlen utav Ringerike, så skal eg helsa ifrå. 9) Kongen då til orde tok, fagnad i augo skein: No skal du seia meg namnet ditt, du unge fræge svein! 10) Einar så skal du nemna meg, vel kan eg bogen spenna, Tambs så heiter min glupe boge, han fær vel pili til renna! 11) Høyrer du det du unge mann, vil du med meg fara, så skal du vera min pilesvein, Ormen til å forsvara. 12) Ganga dei så til strandi ned, spræke karar og rauste. Lunnane brosto og jarni skolv då skipet dei drog or nauste. 13) Vundo dei opp sine silkesegel, ut i havet å ganga, (vinden å taka i fanget) så er det sagt at kongen sjølv han styrde Ormen den lange.
|
|
|
Borg Vikingleirskole v/ Inge Elvebakk,
Høvdingveien 52, 8360 Bøstad. Tlf. 915 75 297 |
||